Kapustin Jar
Kapustin Jar (russisk Капустин Яр) er ein russisk rakettbase i Astrakhan oblast mellom Volgograd og Astrakhan. Basen, som ligg inntil Znamensk og gjerne vert kalla ved det namnet, vart opna 13. mai 1946.[1]
Kapustin Jar Капустин Яр | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Astrakhan oblast | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt |
{{{innbyggjarar_totalt}}} | |
Koordinatar | 48°33′56″N 46°17′43″E / 48.56556°N 46.29528°E | |
Diverse annan informasjon |
Til å byrja med nytta ein teknisk og vitskapleg støtte frå det overvunne Tyskland. Ei stor mengd militære testrakettar er vorten skoten opp frå basen, og dessutan mange satellittar og sondar. Den første raketten vart skoten opp frå basen den 18. oktober 1947 og var ein av dei elleve A-4-rakettar som var vorte erobra frå tyskarane.
Det statlege senteret for forsking og utvikling, GNIIP-8, prøveområde S, vart etablert ved Kapustin Jar i juni 1951. Fem atmosfæriske kjernevåpentestar med kapasitet (10 – 40 kilotonn TNT) vart utførte i 1957–61.
Etter utvidingar vart plassen ein kosmodrom, og har hatt denne funksjonen sidan 1966 (med avbrot 1988-1998). Byen Znamensk vart bygd for forskarane som arbeidde på anlegga, familiane deira og støttepersonell. Dette var ein løynleg by (ZATO) som ikkje var avmerka på ålment tilgjengelege kart.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kapustin Jar» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2018.
- Referansar