Karen Anne Buljo

norsk samisk forfatter

Karen Anne Buljo (fødd 1. juli 1964) er ein norsk samisk forfattar, busett i Alta.

Karen Anne Buljo

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. juli 1964 (59 år)
Alta
Yrke skribent
Karen Anne Buljo på Commons

Buljo skriv på nordsamisk, og forfattarskapen omfattar mest bøker retta mot barn og ungdom.[1] Ei nyskapande barnebok er boka Stephen Borrough, der ho skildrar ei fiktiv hending kring ei historisk reise eit engelsk skip gjorde til Kolahalvøya i 1557, noko som resulterte i den eldste skrivne kjelda ein har for noko samisk språk.[2] I 2018 skreiv ho også ei diktsamling, Šiellaspeajal.

Buljo er ein sentral medlem i Samisk forfattarforeining, der ho i 2019 er nestleiar.

Bibliografi endre

  • Dille – din tur, samisk versjon, Vox (2001)
  • Ábifruvvá, joik, Iđut (2006)
  • Pelle Njoammil, dramatikk, Davvi Girji (2007)
  • Stephen Borrough, barnebok, Davvi Girji (2008)
  • Kristoffer ja Lálla, ungdomsbok, Iđut (2010)
  • Áfruvvá – Havfruen, barnebok, Iđut (2011)
  • Nieidagorži – Pikefossen, barnebok, Iđut (2011)
  • På vei til de åtte årstider land – solas og vindens folk/Beaivváža ja biekka olbmot (med Hege Jensen), språkkurs i nordsamisk, med CD (2014)
  • Šiellaspeajal, dikt, Davvi girji (2018)
  • Amulettspeilet (2019) (eiga omsetjing av Šiellaspeajal)
  • Guovssu guovssahasat, barnebok, Davvi Girji (2019)

Kjelder endre

  1. ««Karen Anne Buljo. Om meg», Sámi Dáiddárráđđis nettsider». Arkivert frå originalen 4. april 2017. Henta 4. april 2017. 
  2. Abercombie, John: The earliest list of Russian Lapp words SUSA 13.