Karen Brunés, fødd Kragh Thuesen, (6. august 18938. oktober 1977) var ein dansk forfattar frå Fredensborg som skreiv gutebøker om Davy Crockett under psevdonymet Tom Hill og to romanar under psevdonymet Stephan Brunés.[1]

Karen Brunés
Statsborgarskap Danmark
Fødd 6. august 1893
Fredensborg
Død

8. oktober 1977 (84 år)
Fredensborg kommune

Yrke barnebokforfattar, skribent

Biografi endre

Karen Brunés er fødd i Fredensborg i 1893 som dotter av rettsfullmektig Jens Peter Thuesen.[2]

Ho tok realeksamen frå Frederiksborg Statsskole i 1910. Ho hadde òg eksamen frå Nehm's kursus og var tilsett i overpostinspektoratet i Københamn.

I 1928 tok ho til å skrive noveller som vart publisert i skandinaviske vekeblad. I 1933 vann ho første prisen i ein konkurranse om beste danske filmmanus.

Etter å ha passert 40 år gav ho ut to romanar under psevdonymet Stephan Brunés: Ivan (1936), som er lagt til Tsar-Russland og Mala fra finske skove (1943).

Under ei reise til USA i 1956 fekk kjennskap til folkehelten Davy Crockett og at han var ein sann forsvarar av indianarane. Ho skreiv 16 ungdomsbøker med Davy Crockett som hovudfigur under psevdonymet Tom Hill, som alle er utkomne på norsk. Bøkene vart populære og vart gitt ut i 10 land.

Referansar endre

  1. «Karen Brunés», www.gravsted.dk, henta 10. januar 2022 
  2. «arkiv.dk | Jens Peter Thuesen, Birkefuldmægtig, Fredensborg.1902», arkiv.dk, henta 10. januar 2022