Karens Jul

(Omdirigert frå Karens jul)

Karens Jul er ei novelle av den norske naturalistiske forfattaren Amalie Skram. Novella vart publisert i julenummeret av den danske avisa Politiken i 1885.

Handling endre

Forteljinga byrjar med historia til eit ferjemannshus. Hovudpersonen i novella, Karen, blir funnen i ferjemannshuset av ein politimann. Ho har eit nyfødd barn og har søkt tilflukt for kulden i huset av di Madam Olsen, arbeidsgivaren hennar , har reist bort og ligg sjuk på landet. Karen overtalte politimannen til å la henne få bu i huset i tre dagar til, sjølv om han helst meinte at ho burde melde seg til fattigvesenet. Etter at dei tre dagane hadde gått, finn politimannen Karen og barnet frosne i hel. Den første arbeidsdagen etter juleferien vart skuret rive for at «det ikkje skal vere tilhaldsstad for «alskens lausgjengarar.»

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.