Karianne Solbrække

Karianne Solbrække (fødd 20. oktober 1972) er ein norsk journalist. Sidan 2000 har ho arbeidd i TV 2. Solbrække har jobba med spesialområdet krim- og rettsjournalistikk i snart ti år, før TV 2 jobba ho i Bergensavisen og Dagbladet. Den journalistiske karrieren si starta ho i Rakkestad Avis. Ho har tidlegare vore medlem av Offentlighetsutvalet til Norsk Presseforbund.