Karolinska Institutet

medisinsk universitet i Stockholm i Sverige

59°20′54.470″N 18°1′36.498″E / 59.34846389°N 18.02680500°E / 59.34846389; 18.02680500

Karolinska Institutet

MottoAtt förbättra människors hälsa
Grunnlagt1810
TypeUniversitet
StadSolna kommun
Studentar6 000 (2015), 8 070 (2020)
MedlemskapORCID
Nettstadhttps://ki.se (svensk)

Karolinska Institutet (KI) er eit svensk medisinsk universitet med den største campusen sin i Solna. KI er eit statlig universitet og er organisert i 22 relativt sjølvstendige institusjonar som driv med forsking og utdanning. Det er det største senteret i Sverige for medisinsk utdanning og forsking, med 30 prosent av den medisinske utdanninga og 40 prosent av den medisinske forskinga i landet.

Universitetet blei grunnlagd i 1810 som Kongl. Carolinska medico-chirurgiska institutet. Sidan 1901 har Nobelforsamlinga ved KI peikt ut mottakaren av Nobelprisen i fysiologi eller medisin.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Denne utdanningsartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.