Opna hovudmenyen
Birkkarspitze, det høgaste fjellet i Karwendel.

Karwendel er den største fjellkjeda i Dei nordlege kalksteinsalpane. Fire kjeder strekkjer seg frå vest til aust, i tillegg går der fleire mindre kjeder langs sidene og eit omfattande høgare område i nord.

Karwendel er ein del av Alpane mellom elvane Isar og Inn og Achensee.

Hermann von Barth oppretta tradisjonen om å kalle opp fjellkjedene etter dalen som avgrensa dei i sør: Karwendeldalen, Hinteraudalen og Vomper Loch, Gleierschdalen, Halldalen, Inndalen: Den nordlege Karwendelkjeda, Hinterautal-Vomper-kjeda (òg kalla hovudkjeda i Karwendelfjella), Gleiersch-Halltal-kjeda og Inndalenkjeda (òg kalla Solsteinkjeda eller Den nordlege kjeda). Sidekjeder er Erlspitzgruppa, Soierngruppa og Vorkarwendel, Falkengruppa, Gamsjochgruppa og Sonnjochgruppa.

GeologiEndra

Fjella i Karwendel inneheld mykje kalkstein og dolomitt (dolomitten spesielt ved Erlspitze). Hovudkjedene er laga av kraftige kalkbankar som går sørover. Den karakteristiske forma på fjella i Karwendel kan ein spesielt sjå ved Lalidererwänden. Klippene på nordsida er opp til 1000 meter høge. På sørsida er det mindre bratte klipper, grunna nedsliping av isbreane.

TopparEndra

Det er 125 fjelltoppar over 2 000 m i Karwendel. Dei viktigaste av desse er:

  • Birkkarspitze 2 749 m
  • Ödkarspitze, mittlere 2 745 m
  • Kaltwasserkarspitze 2 733 m
  • Bettelwurf, Großer 2 725 m
  • Großer Lafatscher 2 696 m
  • Große Seekarspitze 2 679 m
  • Grubenkarspitze 2 663 m
  • Solstein, Kleiner 2 637 m
  • Speckkarspitze 2 621 m
  • Brandjochspitze, Hintere 2 599 m
  • Hohe Warte 2 596 m
  • Laliderer Spitze 2 583 m
  • Jägerkarspitze, südl. 2 579 m
  • Sonntagkarspitze 2 575 m
  • Pleisenspitze 2 567 m
  • Brandjochspitze, Vordere 2 559 m
  • Hochnissl 2 546 m
  • Stempeljochspitze 2 543 m
  • Solstein, Großer 2 540 m
  • Östliche Karwendelspitze 2 537 m
  • Vogelkarspitze 2 523 m
  • Lamsenspitze 2 508 m
  • Hoher Gleiersch 2 491 m
  • Wörner 2 476 m
  • Sonnjoch 2 457 m
  • Gamsjoch 2 452 m
  • Erlspitze 2 404 m
  • Kuhkopf 2 390 m
  • Westliche Karwendelspitze 2 385 m
  • Steinfalk 2 348 m
  • Freiungen, Westgipfel 2 332 m
  • Suntiger Spitze 2 321 m
  • Schaufelspitze 2 308 m
  • Frau Hitt 2 269 m
  • Soiernspitze 2 259 m
  • Rotwandlspitze 2 192 m
  • Brunnsteinspitze 2 180 m
  • Schafreuter 2 105 m
  • Fleischbank 2 026 m
  • Grasbergjoch 2 020 m
  • Torkopf 2 012 m
  • Hölzelstaljoch 2 012 m
  • Kompar 2 011 m
  • Juifen 1 988 m
  • Schönalmjoch 1 986 m
  • Demeljoch 1 924 m
  • Dürrnbergjoch 1 835 m

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra