Kassándra
Lokalt namn Κασσάνδρα

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°3′N 23°25′E / 40.050°N 23.417°E / 40.050; 23.417
Areal 333,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Khalkidikí
Hovudsete Kassándria (2 836 innb.)
Demografi
Folketal 16 861 (2021[1])
Folketettleik 50,5 /km²

Kassándra (gresk Κασσάνδρα) er ei halvøy og ein kommune i periferieininga Khalkidikí i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Halvøya er den vestlegaste av dei tre «fingrane» på halvøya Khalikidikí. Setet i kommunen heiter Kassándria.

Administrativ inndeling

endre
 
Den tidlegare kommunen Kassándra, no kommunaleininga Kassándra

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Kassándra 16 861 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 10 526 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

endre

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Kassándria Kassándra 2 775 2 836
Pevkokhóri Pallíni 1 931 2 194
Néa Fókea Kassándra 1 944 2 045
Polykhróno Pallíni 997 1 239
Kallithéa Kassándra 1 179 1 233
Áfytos Kassándra 1 273 1 178
Khaniótis Pallíni 893 938
Palioúri Pallíni 820 848
Néa Skióni Pallíni 828 701
Kalándra Kassándra 674 649
Kryopijí Kassándra 737 635
Foúrka Kassándra 543 629
Skála Foúrkas Kassándra 536 368

Referansar

endre
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.