Kategoridiskusjon:Truvedkjenningar
Det heiter vel truvedkjenning (utan s) på nynorsk? [1] –Jarle 10. mai 2005 kl. 1851 (UTC)
Ja det heiter truvedkjenning, aldri trus-. Trosrettning og trosliv heiter derimot ikkje truveg eller truliv, utan trudomsveg og trudomsliv. --Fatagnus 10. mai 2005 kl. 1906 (UTC)
- Ja, dette har de visst heilt rett i. Av ein eller annan grunn er forma «truvedkjenning» einaste normerte form. Derimot heiter det «trudomsvedkjenning», «trussamfunn», «trusartikkel», «trusbror», «trusfelage», «trusfrende», «trusfridom», «trusinnhald», «trusliv», «truslære», «trusretning» og så vidare! Forstå det den som kan... :( -- Olve 10. mai 2005 kl. 2008 (UTC)
- ... og «trussak», «trussetning», «trusskifte» og «trusspørsmål» (el. «trudomsspørsmål»). No er rettnok trú[a]r den systemrette genitivsforma frå norrønt (som vi òg ser det på islandsk og færøysk), men det er altså berre «truvedkjenning» og «trudom(-)» som oppfører seg på norrønt vis i læreboknormalen... Olve 10. mai 2005 kl. 2022 (UTC)
Interessant nok viser eit Google-søk at formene truvedkjenning(-) (201 treff [2]) og trusvedkjenning(-) (110 treff [3]) båe er bruka i praksis. -- Olve 10. mai 2005 kl. 2057 (UTC)
- Den norske kyrkja og rettskriving gjeng ikkje alltid saman — men i gudstenestebøkene eg nyttar som organist stend det berre truvedkjenning ;). –Jarle 11. mai 2005 kl. 0858 (UTC)
Start ein diskusjon om Kategori:Truvedkjenningar
Diskusjonssider er stader der ein diskuterer korleis innhaldet på Wikipedia kan bli så godt som mogleg. Du kan bruke denne sida for å starte ein diskusjon med andre om korleis Kategori:Truvedkjenningar kan forbetrast.