Kay Ivey

Kay Ellen Ivey (fødd 15. oktober 1944) er ein amerikansk politikar som blei guvernør for Alabama i 2017. Ho høyrer til det republikanske partiet. Ivey blei den andre kvinnelege guvernøren i Alabama og den første kvinnelege republikanske guvernøren då ho etterfølgde Robert J. Bentley. Ho hadde tidlegare vore finansminister i Alabama 2003–2011 og viseguvernør 2011–2017 under Robert J. Bentley.[1]

Kay Ivey
Portrait-Governor-Kay-Ivey.jpg
Fødd15. oktober 1944 (77 år)
Camden
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA, Det demokratiske partiet i USA
Yrkepolitikar, gymnaslærer
Utdanna vedAuburn University

I 2018 blei ho gjenvald med stor margin framfor utfordraren Walt Maddox.

KjelderEndra

  1. Kay Ivey files paperwork to run for governor. Alabama Local News. Henta 18. mars 2018.