Kent Music Report

Kent Music Report var ei vekentleg hitliste over musikksingel og musikkalbum i Australia. Lista vart sett saman av musikkentusiasten David Kent frå mai 1974 til 1988. I 1983 lisensierte musikksamskipnaden Australian Recording Industry Association Kent Music Report, og i juni 1988 etablerte samskipnaden si eiga hitliste, kalla ARIA Charts.[1] Kent Report heldt likevel fram, og frå 1987 vart lista omdøypt til Australian Music Report (AMR). AMR heldt fram å publisera vekentlege hitlister, men i april 1998 opphøyrde lista, og ARIA Charts vart dermed den einaste nasjonale hitlista i Australia.

Før Kent Report oppstod i 1974, hadde magasinet Go-Set utgjeve ei topp 40-singelliste frå 1966 og ei albumliste frå 1970. Begge listene opphøyrde likevel då Go-Set gjekk inn i august 1974.[2]

David Kent produserte seinare hitlister for Australia for åra 1940–1973. Detta gjorde han ved å henta inn spelelister, mindre hitlister og informasjon frå radiokanalar over heile landet. Desse sette han så saman til ei nasjonal hitliste.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Daniel Lowe. «Australian Chart History». Arkivert frå originalen 4. april 2008. 
  2. «GO-SET Magazine - Australian singles and album charts, 1966-1974». Poparchives.com.au. Arkivert frå originalen 12. februar 2013. Henta 24. mai 2016. 

Bakgrunnsstoff endre