Kentin Mahé

fransk handballspelar

Kentin Mahé (fødd 22. mai 1991) er ein fransk handballspelar frå Paris. Han har vunne to gullmedaljar, sølv og bronse i verdsmeisterskap, gull- og sølvmedalje i olympiske sommarleikar og ein bronsemedalje i europameisterskap. Han er spelstyrar, kan også spele venstrekant.

Kentin Mahé


Statsborgarskap Frankrike
Fødd 22. mai 1991 (32 år)
Paris
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2016, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn, Handball under Sommar-OL 2016 – Menn

Utmerkingar

Ridder av Æreslegionen, ridder av Den nasjonale fortjenstorden

Karriere endre

Landslagsspel endre

Mahé debuterte på Frankrike sitt landslag mot Tunisia 28. oktober 2010, men fekk ikkje vere med på Frankrike sitt meisterskapslag før enn ved Handball-VM 2015. Etter siger i den meisterskapen, venta OL-sølv i Rio de Janeiro sommaren 2016. Eit halvt år seinare bidrog han til at Noreg vart slått 33–26 på fransk heimebane under Handball-VM 2017. Deretter vann han bronsemedaljar i EM 2018 og VM 2019. Under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021 vart han olympisk meister då Frankrike slo Danmark 25–23 i finalen. I VM-finalen 2023 møttest dei same to landa på nytt, der gjekk Mahé og Frankrike på eit sju-måls nederlag.

Klubbspel endre

Åra frå 2008 til 2018 gjorde Mahé etter tur teneste i fire tyske handballag: Rheinland, Gummersbach, HSV Hamburg og Flensburg-Handewitt. Etter å ha vorte tysk meister i 2018, flytta han over til ungarske Veszprém. Her vart han ungarsk seriemeister 2019 og 2023, samt ungarsk cupmeister i tre år på rad. 3. mai 2019 var han lagets toppskårar då Veszprém tapte EHF-meisterliagafinalen for Vardar Skopje.

Merittar endre

  • OL-gull: 2021 med Frankrike
  • VM gull: 2015, 2017 med Frankrike
  • OL-sølv: 2016 med Frankrike
  • VM-sølv: 2023 med Frankrike
  • EM-bronse: 2018 med Frankrike
  • VM-bronse: 2019 med Frankrike
  • Tysk seriemeister: 2018 for Flensburg-Handewitt
  • Ungarsk seriemeister: 2019 og 2023 for Veszprém
  • Ungarsk cupmeister: 2021, 2022, 2023 for Veszprém

Kjelder endre