Kenzō Shirai
Kenzō Shirai (fødd 24. august 1996) er ein japansk tidlegare turnar som vart verdsmeister i frittståande i 2013, 2015 og 2017, i den siste meisterskapen tok han også gullmedaljen i hoppøvinga. Shirai fekk elles gull i lagkamp med Japans mannskap ved Turn-VM 2015 og Sommar-OL 2016.
Kenzō Shirai | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 24. august 1996 (28 år) Yokohama |
Idrett | turn |
Tok del i | Verdensmesterskapet i turn, Turn under Sommar-OL 2016 |
Utmerkingar | olympisk gullmedalje, Æresmedalje med lilla band |
Shirai vann frittståande då Turn-VM 2013 vart avvikla i Antwerpen, i hopp vart han nummer 4. Året etter enda han på sølvplassen ved Turn-VM 2014 i Nanning, slått med 0,017 poeng av russiske Denis Abljazin. Som året før vart han nummer 4 i hopp. I Turn-VM i Glasgow i 2015 vann Shirai ein suveren siger i frittståande, tidlegare i meisterskapen bidrog han til at Japan sikra gull i lagkampen. Under dei olympiske leikane i Rio de Janeiro i 2016 vann Shirai ein gullmedalje i lagkampen, saman med Ryōhei Katō, Kōhei Uchimura, Yūsuke Tanaka og Koji Yamamuro. Han vann deretter ein bronsemedalje i hopp-finalen. Frå Turn-VM 2017 i Montreal reiste han med gullmedaljar frå såvel frittståande som hopp, og ein bronse frå mangekampen. I sin siste verdsmeisterskap, Turn-VM 2018 i Doha, vann han sølv i frittståande og bronse i både hopp og i lagkamp.
To element i frittståande og eitt element i hopp er kalla opp etter Shirai, etter som han var den fyrste turnaren som viste desse i internasjonal tevling.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kenzō Shirai» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2023.