Kertsjbrua (russisk Керченский мост, kertsjenskij most, eller Крымский мост, krímskij most) er eit stort russisk projekt om å byggja brusamband frå Krasnodar kraj i Russland via Tamanhalvøya og Tuzlaøya til Krimhalvøya over Kertsjsundet.[1] Bygginga av brua starta i mai 2015. Ho vart innvigd for biltrafikk 15. mai 2018[2] og skal takast i bruk for fullt med jernbanetrafikk i 2019. Brua har eit halvbogespenn på 35 meter slik at skipstrafikk gjennom Kertsjsundet ikkje vert hindra.[3] Sambandet over Kertsjsundet skal vere ein del av Europaveg E97.

Kertsjbrua 23. august 2019

Bygginga av brua endre

 
Satelittfoto frå byggeplassen 14. april 2018
 
Byggeplassen på Tuzlaøya 18. mars 2016

Tekniske detaljar endre

  • Samla lengd i sambandet: 19 km
  • Lengda av ​​brua til Tuzlaøya: 7 km
  • Lengda av ​​øya: 6,5 km
  • Lengda av brua frå Tuzlaøya til Kertsj: 6,1 km
  • Samla lengd av tilslutningsvegar: 48 km
  • Firspora vei bygt til 120 km/t
  • Dobbeltspora jernbane
  • Samla lengd av jernbane ca. 60 km
  • Kapasitet av jernbanesambandet: 143 tog pr. dag

Referansar endre

  1. «Crimea Bridge: A Real Exclusive, and more to come!!». Thethruthspeaker.co. 28. oktober 2017. Henta 13. desember 2017. 
  2. «Открытие автодорожной части Крымского моста» (på russisk). kremlin.ru. 15. mai 2018. 
  3. Putin öppnade Krimbron: ”Ett mirakel har skett” - YLE

Bakgrunnsstoff endre