Opna hovudmenyen
Molekylstrukturen til kevlar. Utheving representerer ei monomereining, og stipla liner representerer hydrogenbindingar.

Kevlar er ein type syntetisk fiber som vert brukt i alt frå skotsikre vestar og hjelmar, til sykkeldekk og segldukar. Kevlar er handelsnamnet for para-aramidfiber. Materialet toler oppvarming til 180 grader over tid utan å ta skade.

Kevlar vart først produsert av DuPont i 1965. Det vert i stadig større grad brukt i militære hjelmar etterkvart som teknologien har gjort materialet sterkare. Kevlar er lettare og meir behageleg i bruk enn dei tidlegare stålhjelmane.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kevlar
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.