Kifisós i Viotía
Kifisós (gresk Κηφισός), òg skrive Kephissos eller Kefisus, er ei elv i periferieininga Viotía i Hellas. Ho har sitt utspring ved Liléa i nærleiken av Delfí i Fokída og renn så gjennom Viotía. Tidlegare munna Kifisós ut i Kopaídasjøen, men etter at denne vart tørrlagd, endar elva i Ylíkisjøen. I eldre tider vart elva òg kalla Mavronéri.
Sjå òg
endre- Kifisós - fleire elvar i Hellas med dette namnet.