Kim Dae-jung

sørkoreansk politikar
(Omdirigert frå Kim Dae-Jung)

Kim Dae-jung (3. desember 192518. august 2009) var ein sør-koreansk politikar som sat som president i Sør-Korea frå 1998 til 2003. I 2000 mottok han Nobels fredspris for arbeidet sitt andsynes Nord-Korea.

Kim Dae-jung

Statsborgarskap Sør-Korea
Fødd 6. januar 1924
Haui-do
Død

18. august 2009 (85 år)
Severance Hospital

Yrke politikar, journalist
Språk japansk, koreansk
Politisk parti Det demokratiske parti
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Kim Won Sik
Ektefelle Cha Yong-ae, Lee Hui-ho
Kim Dae-jung på Commons
Kim Dae-jung

Han vart fengsla fleire gongar grunna arbeidet sitt i den demokratiske opposisjonen til det diktatoriske styret, mellom anna under styret til Park Chung-hee.

Som president gjennomførte han fleire økonomiske reformer i tråd med ynskjer frå Verdsbanken då landet var midt i den økonomiske krisa som råka Aust-Asia hardt. Han innførte og ein del forandringar som gjorde at dei store konglomerata, chaebol, vart meir ansvarlege og kutta ned på statlege subsidiar til desse.

Han fekk Nobelprisen for solskinspolitikken, eit forsøk på å betre det bitre forholdet mellom Nord- og Sør-Korea. Mange meiner no at denne politikken har slått feil. Konservative i Sør-Korea kritiserer Kim Dae-jung for solskinspolitikken so vel som for undergangen av fleire chaebol etter reformene hans.