«Kimigayo» (kanji 君が代) er namnet på den japanske nasjonalsongen, som er ein av dei kortaste nasjonalsongane i bruk i dag. Teksten byggjer på eit wakadikt skriven i heiantida medan melodien blei skriven i seinare, i meijitida.

«Kimigayo» i eit opptak frå 1930.

Songen har lenge vore brukt som nasjonalsong i Japan, men bruken blei først nedfelt i lovverket i 1999.

Tekst endre

 
Notene til nasjonalsongen
Transkribert japansk

Kimi ga yo wa
Chiyo ni
Yachiyo ni
Sazare ishi no
Iwao to narite
Koke no musu made

Kanji (ofisiell versjon)

君が代は
千代に
八千代に
細石の
巌となりて
苔の生すまで

Hiragana

きみがよは
ちよに
やちよに
さざれいしの
いわおとなりて
こけのむすまで

Omsett

Måtte tidsalderen til herskaren
halde fram i tusen,
åtte tusen generasjonar,
heilt til steinar
veks til kampesteinar,
dekte av mose.