Kinks-Size
Kinks-Size Studioalbum av The Kinks | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1965 | |
Innspelt | August til desember 1964[1] | |
Sjanger | Rock and roll | |
Selskap | Reprise R-6158 | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
---|---|---|
Kinks (1964) |
Kinks-Size | Kinda Kinks (1965)
|
Kinks-Size er eit album av det engelske bandet The Kinks frå 1965 som berre vart gjeven ut i Amerika. Det var ein vanleg praksis for plateselskapa i Storbritannia og USA på første halvdel av 1960-talet å gje ut forskjellige plater i dei to landa. Dei amerikanske platene hadde oftare færre spor og færre originale songar, i tillegg til at EP-ar var langt mindre populære i den amerikanske marknaden. I 1965 gav Reprise derfor ut to album i USA, Kinks-Size og Kinkdom.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [2] |
Dette vart det mest populære Kinks-albumet i 1960-åra i USA (om ein ser bort frå samlealbum). Det nådde 13. plass på albumlista.
Albumet har fått tittel frå den britiske EP-en Kinsize Sessions. Albumet bestod av fire spor frå den britiske EP-en, to songar som ikkje kom med på den amerikanske utgåva av debutalbumet deira og dei to siste singlane deira («All Day and All of the Night» og «Tired of Waiting for You») med B-sider («I Gotta Move» og «Come On Now»).
Desse songane er i dag tilgjengeleg på utvida CD-utgåver av Kinks og Kinda Kinks.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Tired of Waiting for You» | |
2. | «Louie Louie» (Richard Berry) | |
3. | «I've Got That Feeling» | |
4. | «Revenge» (R. Davies, Larry Page) | |
5. | «I Gotta Move» |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Things are Getting Better» | |
7. | «I Gotta Go Now» | |
8. | «I'm a Lover Not a Fighter» (Miller) | |
9. | «Come On Now» | |
10. | «All Day and All of the Night» |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Kinks-Size» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Kinks-Size på kinks.it.rit.edu.
- ↑ Allmusic