Kinso Kraftverk

vannkraftverk i Ullensvang kommune, Vestland fylke, Noreg

Kinso Kraftverk (tidlegare Tveitafoss Kraftverk) er eit vasskraftverk i elva Kinso i Ullensvang kommune i Vestland. Kraftverket utnyttar fallet i Tveitafossen. Kinso Kraftverk starta produksjonen i 1917 med to turbinar på 250 KW kvar. Kraftverket vart overteke av Staten i høve heimfallsretten og vart vidareselt til Ullensvang kraftverk i 1974.

Kinso Kraftverk
Foto: PeltonMan

Kinso hentar vatnet sitt frå Hardangervidda, og dei største innsjøane som matar elva er er Veivatnet, Stavalivatnet og Grøndalsvatnet. Elva Kinso inneheld fire vakre fossar: Søtefossen, Nykkjesøyfossen, Nyastølsfossen og Tveitafossen. Vassdraget er ikkje regulert andre stader enn ved kraftstasjonen, fordi det er verna mot bygging av nye anlegg.

Installert effekt i dag er 3,85 MW og leverer årleg i gjennomsnitt 18,7 GWh.

Kraftverket er i dag eigd og vert drifta av Indre Hardanger Kraftlag AS.

Kjelder

endre