Kiralitet (gresk for 'handtheit', som i høgre- og venstrehendt, av χειρ, cheir, 'hand') er ein asymmetrieigenskap som er viktig innan mellom anna kjemi. Eit objekt eller system er kiralt om det finst i former som er speglvendte frå kvarandre. Molekyl som er kirale kan ha ulike kjemiske eigenskapar. Eit objekt som ikkje er kiralt blir kalla akiralt (eller amfikiralt). Ei blanding som inneheld begge typar kirale molekyl i eit 50/50-tilhøve er ei racemisk blanding.

Kjelder endre

  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.