Kitty Bugge
Johanne Kathrine Bugge (21. januar 1878–11. oktober 1938), også kjend som Kitty Bugge, var ein norsk kvinnesaksforkjemper og fagforeiningsleiar. Ho var formann i Norsk Kvinnesaksforening 1935–1936.[1] Ho grunnla Kvinnelige Telegraffunksjonærers Landsforening, og var formann frå stiftingsåret 1914 til 1919, og i ein ny periode frå 1921 til 1933. Ho var også styremedlem i Statstjenestemannsforbundet frå 1923 til 1930.
Kitty Bugge | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. januar 1878 |
Død |
11. oktober 1938 (60 år) |
Yrke | fagforeiningsleiar, politikar |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Kitty Bugge på Commons |
Kitty Bugge var syster av Anna Bugge Wicksell, som var formann i Norsk Kvinnesaksforening 1888–1889.[2]
Kjelder
endre- ↑ Kitty Bugge hos Norsk Kvinnesaksforening.
- ↑ Elisabeth Lønnå: Stolthet og kvinnekamp: Norsk kvinnesaksforenings historie fra 1913, Gyldendal Norsk Forlag, 1996, ISBN 8205244952
- Denne artikkelen bygger på «Kitty Bugge» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2023.