Slikkepinne

(Omdirigert frå Kjærleik på pinne)

Slikkepinne eller slikkepinn er ein type godteri som er festa til ein pinne ein kan halda medan ein et det. Godteriet er ofte eit drops som er støypt til enden av pinnen. Ein kan også ha andre typar godter i enden av pinnen, som sjokolade, eller slikkepinnen kan ha mjukt fyll.

Godteriet på ein slikkepinne er ofte kuleforma, men kan også ha andre former, som flate skiver, stenger, hjarte eller spiralar.

På bokmål er slikkepinnar også kjend som «kjærlighet på pinne». På engelsk blir dei kalla «lollipop».

Sjå òg

endre

Kjelder

endre