61°32′0.0024000″N 6°33′0.91800″E / 61.533334000000°N 6.5502550000°E / 61.533334000000; 6.5502550000

Kjøsnesfjorden
fjord
Kjøsnesfjorden sett frå Lunde.
Foto: Tore Sætre
Land  Noreg
Kart
Kjøsnesfjorden
61°32′00″N 6°33′00″E / 61.5333°N 6.55°E / 61.5333; 6.55
Wikimedia Commons: Kjøsnesfjorden

Kjøsnesfjorden er den inste delen av Jølstravatnet, delvis avstengd frå resten av vatnet ei bru.

Vegen på sida av Kjøsnesfjorden er særs rasutsett, og kom m.a. i søkelyset hausten 2004 etter at det gjekk om lag 30 skilde ras på ein kveld som stengde fleire bilar inne på vegstrekninga; overraskande nok vart ingen skadde i ulukka. Tidlegare år har menneske vorte hardt skadde i rasulukker i Kjøsnesfjorden, som er ei gjennomfartsåre i Sogn og Fjordane. Etter rasulukka i 2004 vart Aksjonsgruppa for Rassikring av Kjøsnesfjorden oppretta.

I 2010 vart Kjøsnesfjorden kraftverk sett i drift. Kraftverket utnyttar fleire mindre elvar i fjellområdet sør og aust for Kjøsnesfjorden. Utbygginga var omstridd ettersom området ligg tett inn på Jostedalsbreen nasjonalpark.