Opna hovudmenyen

Kjell Olaf Jensen (fødd 26. august 1946 i Oslo, død 3. juli 2016)[1] var ein norsk litteraturkritikar, essayist og omsetjar av skjønn- og faglitteratur frå fransk, tysk, engelsk og dei andre skandinaviske språka. Han var utdanna magister i litteraturvitskap.

Kjell Olaf Jensen
Fødd 26. august 1946
Oslo
Død

3. juli 2016

Yrke omsetjar

Frå 1997 til 2007 var Jensen leiar av Norsk PEN.[2] I åra 1985 til 1990 var han formann i Norsk Litteraturkritikarlag, og frå 1989 til 1993 var han visepresident i Association Internationale des Critiques Littéraires.

Kjell Olaf Jensenfekk Riksmålsprisen for omsetjingane sine i 1984 og vart årets kritikar i 2001.

Hoffet kunngjorde 22. april 2010 at kongen hadde utnemnt Jensen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hans bidrag for det frie ord.» Det vart samtidig sagt at det var lagt vesentleg vekt på det mangeårige arbeidet og engasjementet hans for ytringsfridommen.

ReferansarEndra

  Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.