Kjerraten i Åsa

Koordinatar: 60°07′23″N 10°23′01″E

Kjerraten i Åsa er eit kulturminne frå perioden 1807-1850. Kjerraten (av tysk Kehrrad, 'vendehjul'), ligg i Åsa i Ringerike kommune, og var eit system for å frakte tømmer opp ei åsside. Denne svære konstruksjonen kom i stand fordi Peder AnkerBogstad gard ville omgå tømmertoll i Drammensvassdraget.

Hjulhus nr 5 med vassrenne (bak til venstre), vasshjul (under tak) og rullebane (i forgrunnen), rekonstruksjon ved Foreningen Kjerratmuseet.

SkildringEndra

Tømmeret vart fortløpande huka inn på ein løpande kjetting. Denne vart trekt av eit av dei 12 vasshjula. Ved kvart vasshjul var det ein vendeplass der stokkane vart hekta over til neste kjettingsløyfe. Til saman hadde kjerraten ein høgdeskilnad på 389 meter over ei totallengd på 3 900 meter og stokkene brukte ca 3 timer gjennom kjerraten. Samla kapasitet var på ca. 240 stokkar i døgnet, eller ein stokk kvart sjette minutt.

Den såkalla «tolver'n», øvst ved ved Storflåtan, var det siste hjulet, men her var vasskrafta for lita til å kunne frakte tømmeret opp frå Damtjern. Dette strekket vart derfor erstatta med ein skjenegang på sviller der tømmeret vart frakta vidare på vogner trekte av hestar. Dette reknar ein med var den første hestejernbanen i Noreg. Restane av tolver'n finst framleis i Vassendvika ved Storflåtan.

Kjerraten vart i si tid bygd av Peder Anker (1749–1824) på Bogstad, som åtte store skogområde i området. Han trong ei løysing til å frakte tømmer frå Steinsfjorden i Åsa opp til Damtjern og Storflåtan på Krokskogen for vidare fløyting ned Sørkedalsvassdraget til Bogstadvatnet. På denne måten unngjekk han tømmertoll i Drammen og fekk istaden tømmeret til eigne sagbruk i Sørkedalsvassdraget.

Det kosta ca. 33 000 riksdalar å bygge anlegget, som var konstruert av den svenske ingeniøren Samuel Bagge. Arbeidet vart leia av Anker sin fullmektig Johan Jørgen Krohn.[1]

KjerratmuseetEndra

Den 1. juli 2006 vart det opna eit eige museum dedikert i kjerratens namn, Kjerratmuseet. Her står det mellom anna ein 13 meter lang terrengmodell av kjerrattraseen og ein modell av eit hjulhus i målestokk 1:10. Hjulhus nr 5 lenger oppe langs vassdraget er ein rekonstruksjon i opphavleg storleik. Museet blir forvalta av Foreningen Kjerratmuseet på frivillig basis. Foreninga har òg etablert ei nettside med informasjon om Kjerraten og museet.

KartEndra

 
Kart som syner dei elleve kjerratane som var i drift. Den tolvte vart bygd, men grunna for lite vatn til drifta vart han erstatta av ein hestebane.

ReferansarEndra

  1. Frydenlund, Bård (2009): Stormannen Peder Anker. En biografi. Oslo: Aschehoug.

KjelderEndra

LitteraturEndra

  • Kjerraten i Åsa av Ole Christian Bjørnstad, (1941)

BakgrunnsstoffEndra