Kjersti Herland Johnsen
norsk forlagsredaktør og forfattar
Kjersti Herland Johnsen (fødd i 1971) er ein norsk forlagsredaktør og forfattar.
Johnsen er fødd i Stavanger. Ho gjekk på St. Olav videregående skole i Stavanger og tok hovudfag i historie ved Universitetet i Bergen i 1996. Ho har arbeidd i norsk forlagsbransje sidan 1998.[1]
Kjersti Herland Johnsen har gitt ut romanane Julebrev (Bladkompaniet, 2020) og Jul på Himmelfjell hotell (Cappelen Damm, 2022) og i tillegg vore redaktør for ei rekkje utgjevingar.
Kjelder
endre- ↑ «Kjersti Herland Johnsen». Bladkompaniet. Henta 26. mars 2024.