Kjetil Hasund

norsk politikar og fotballspelar

Kjetil Hasund (fødd 5. mai 1942) er ein tidlegare norsk fotball-spelar for Hødd, der han som angreps-spelar hadde 646 kamper og 460 mål, av desse 93 kampar og 47 mål i øvste divisjon (1966-72).

Kjetil Hasund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mars 1942 (82 år)
Noreg
Yrke fotballspelar, politikar
Politisk parti Høgre

Han blei den første frå Hødd som spelte på det norske herrelandslaget i fotball, der han skåra 3 gongar på 16 kamper i åra 1966-71. Under førstegongstenesta i 1962 spelte han fem kampar for Steinkjer FK, som då var ein av dei leiande klubbane i landet.

Han er bror til Hallbjørn Hasund, og far til Geir Hasund. Kjetil Hasund har arbeidd som bankmann i Sunnmøre Kreditbank, som etter kvart har blitt Sunnmørsbanken, Kreditkassen og Nordea. Han har representert Høgre i Ulstein kommunestyre.