Kjetil Undset
Kjetil Undset (fødd 24. august 1970) er ein tidlegare roar frå Stavanger, medlem i Stavanger Roklub. Han vann to olympiske sølvmedaljar, den fyrste med den norske dobbeltfiraren under Sommar-OL 1992 i Barcelona, den andre i dobbeltsculler under Sommar-OL 1996 i Atlanta saman med Steffen Størseth.[1] Undset og Størseth tok elles bronse i dobbeltsculler i VM 1995 og sølv i VM 1997 og 1998. Undset var òg med i Sommar-OL 2000.[1]
Kjetil Undset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. august 1970 (54 år) Stavanger kommune |
Idrett | roing |
Tok del i | rowing at the 1992 Summer Olympics – men's quadruple sculls, rowing at the 1996 Summer Olympics – men's double sculls, rowing at the 2000 Summer Olympics – men's coxless four |
Utmerkingar | Siddisprisen |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Kjetil Undset» (på engelsk). Olympedia. Henta 7. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Kjetil Undset» frå Wikipedia på bokmål, den 25. juli 2024.