Klaffelause vener
Klaffelause eller diploiske vener (av latin venae diploicae) er store, tynnvegga og klaffelause blodårer som verkar som tappekanalar frå diploë gjennom det indre og ytre skalletaket i hovudskallen.[1] Dei fire hovudtypane av klaffelause vener, som finst på begge sider av hovudet, ligg rundt panna, fremre tinning, bakre tinning og bakhovudet. Dei tappar inn i s. durae matris, og er ferdig utvikla omkring to år etter fødsel.[1]
Typar
endre- Dei frontale venene ligg i pannebeinet og opnar inn i v. supraorbitalis og s. sagittalis superior.
- Dei fremre venene i tinningen, som i hovudsak er avgrensa til pannebeinet, opnar inn i s. sphenoparietalis og inn i ein av dei djupe venene, v. temporalis profunda, gjennom ein apertur i den store kilebeinsvinga (ala major ossis sphenoidalis).
- Dei bakre venene i tinningen ligg i issebeinet og sluttar ved s. transversus. Dei kjem gjennom ein apertur ved angulus mastoideus i pannebeinet, eller gjennom f. mastoideum.
- Venene i bakhovudet er dei største. Dei er avgrensa til bakhovudbeinet, og opnar seg anten utvendig inn i venae occipitales, innvendig inn i sinus transversus eller inn i confluens sinuum.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Diploic veins» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «diploic vein». TheFreeDictionary: Medical Dictionary. Henta 2. mars 2015.