Klangfigur

Ein klangfigur eller chladnifigur er ein figur som oppstår på ei plate strødd med sand når plata vert utsett for akustiske svingingar. Ein kan vise figurane på ei metallskive som er festa horisontalt i éit punkt og blir stroke på kanten med ein fiolinboge.

Klangfigur

Chladnifigurar er kalla opp etter oppdagaren Ernst Chladni.

KjelderEndra

klangfigur. I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/klangfigur