Klaus Röder

tysk musikar

Klaus Röder (ofte stava Roeder) (fødd 7. april 1948 Stuttgart) er ein tysk musikar og musikklærar.

Klaus Röder
Fødd7. april 1948 (76 år)
FødestadStuttgart
OpphavTyskland
Aktiv1969–
Sjangerelektronisk musikk
Instrumentgitar
Verka sommusikar, eksperimenterende musiker, gitarist

Han studerte fiolin og piano, før han byrja å studere lydteknikk i 1968. Seinare byta han til deltidsstudiar i komposisjon og gitar ved Robert Schumann Hochschule i Düsseldorf, før han var ferdig utdanna i 1980 med diplom i elektronisk musikkomposisjon.

Han var interessert i eksperimentell og avantgarde musikk og byrja å lage sine eigne instrument, i tillegg til å nytte synthesizerar og bandopptakarar for å manipulere lydar.

I denne perioden spelte han gitar (nytta som lydutløysar for synthesizer) i frijazzgruppa Synthesis, og ei kort stund, i 1974, i electronicabandet Kraftwerk.

Sidan 1975 har han arbeidd med sitt eige elektroniske musikkstudio.

Bakgrunnsstoff

endre