Kniplingar er ein type blondearbeid laga av trådar som blir slynga eller fletta om kvarandre og festa med knutar. Dei blir gjerne brukte til å dekorera andre tekstilar, ofte som bordar. Ordet kniple kjem frå lågtysk knüppeln.[1]

Brusselkniplingar frå midten av 1700-talet.
Knipling i Valencia.

Til å framstilla kniplingar bruker ein kniplepinnar, det vil seiar trepinner som trådane er vikla opp på, og ei kniplepute, det vil seia ein overstoppa og ofte dreibar tresylinder som delvis er nedfelt i ei pute. Til finare kniplingar treng ein ofte fleire hundre kniplepinnar. Arbeidet blir gjerne utført etter ein gjennombroten mønsterteikning som blir lagd rundt tresylinderen. Hola i mønsteret blir markert med nåler som ein fester trådane til.

Dei tidlegaste kniplingane blei truleg framstilt i Italia og Flandern på byrjinga av 1500-talet. Dei ulike typane som utvikla seg fekk ofte namn etter opphavsstaden, som Genova, Milano, Valencienne, Binche og Malines. Vadstena i Sverige har hatt ein stor kniplingproduksjon. I dag blir kniplingar særleg laga i Belgia, Storbritannia, Frankrike og Sveits, dels på gamalt vis, dels som maskinarbeid.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «kniple» i Nynorskordboka.