Koking er eit fenomen som skjer når ei væske vert varma opp så høgt at det blir utvikla damp i det indre av væska. Dampen stig opp som bobler som set væska i rørsle. Skal bobla kunne dannast, må damptrykket vere så stort som trykket frå væska og lufta over dei til saman. Det blir det først ved kokepunktet. Er det luft løyst i vatn, blir bobledanninga lettare, men lufta går ut med bobla.

Kokande vatn.

Koking er mellom anna ein utbreidd matlagingsmetode som vert nytta både for fast og flytande føde.

Kjelder endre