Koloman Gögh
Koloman Gögh (7. januar 1948–11. november 1995) var ein slovakisk fotballspelar som vann EM-gull med Tsjekkoslovakia i 1976. Midtstopparen var med å vinne seks nasjonale pokalar, både tsjekkoslovakiske og slovakiske, med Slovan Bratislava.
Koloman Gögh | |
Alias | ungarsk Gőgh Kálmán |
Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia |
Fødd | 7. januar 1948 Kladno |
Død |
11. november 1995 (47 år) |
Yrke | fotballspelar, fotballtrenar |
Koloman Gögh på Commons |
Aktiv
endreGögh var fødd i Kladno i dagens Tsjekkia, men byrja spele fotball i Kolárovo i dagens Slovakia, ein by med over 80% etniske ungararar. Under militærtenesta som fallskjermhoppar var han aktiv i Dukla Holešov. Deretter spelte han i ti år, 1970 til -80, på topplaget Slovan Bratislava. Her var han i 1974 med på storeslem; siger i den tsjekkoslovakiske serien, den slovakiske cupen og i cupfinalen mot den tsjekkiske cupvinnaren. I tillegg vart laget seriemeistrar i 1975 og triumferte i den slovakiske cupen i 1972 og -1976. Sidan 1980 var han aktiv i austerrikske VÖEST Linz i to sesongar, og like lenge i slovakiske Dunajská Streda til han la opp i 1984.
Gögh spelte 55 landskampar for Tsjekkoslovakia i tida 1974-80. Han var med på laget som sigra over Vest-Tyskland etter straffeskyting, og dermed vann fotball-EM 1976. Fire år seinare var han med då Tsjekkoslovakia kneip bronsen i EM i fotball 1980, i det som vart hans siste i landslagsdrakt. Han skåra eitt einaste landslagsmål.
Seinhaustes 1995 omkom Gögh i ei bilulukke ved Gattendorf i Austerrike, 47 år gammal.
Merittar
endre- Europameister: 1976 med Tsjekkoslovakia
- EM-bronse: 1980 med Tsjekkoslovakia
- Tsjekkoslovakisk seriemeister: 1974 og 1975 med Slovan Bratislava
- Slovakisk cupmeister: 1972, 1974 og 1976 med Slovan Bratislava
- Tsjekkoslovakisk cupvinnar: 1974 med Slovan Bratislava
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Koloman Gögh» frå Wikipedia på engelsk, den 15. mai 2017.