Kommunistische Partei Deutschlands

Kommunistische Partei Deutschlands (KPD) var eit politisk parti i Tyskland som vart oppretta 1. januar 1919. Det vart skipa mellom anna av Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg, som vart avretta under spartakistopprøret i Berlin. På 20-talet vart KPD eit masseparti, og fekk heile 100 mandatar i den tyske Riksdagen. I 1933 vart partiet forbode av nazi-regimet. Partileiinga fungerte vidare frå eksil i Sovjetunionen. I 1945 vende dei tilbake til Tyskland. I den sovjetiske okkupasjonssona vart partiet i 1946 slått saman med SPD til Tysklands sosialistiske einskapsparti (SED). I den vestlege okkupasjonssona deltok KPD i det første forbundsdagsvalet i 1949 og vart vald inn i Forbundsdagen. Av dei andre partia vart KPD sett som medskuldig i Weimar-republikken sin undergang og forfatningsfiendtleg, og det vart forbode i 1956.

Kommunistische Partei Deutschlands

LandWeimarrepublikken
Partileiar(ar)Ernst Thälmann
GrunnleggjararKarl Liebknecht
Grunnlagt30. desember 1918
Nedlagt17. august 1956
ForgjengarSpartakusforbundet
HovudkvarterBerlin
Medlemstal106 656 (1919)[1]
Ideologimarxisme, leninisme, antifascisme, kommunisme, sosialisme, marxisme-leninisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstreekstremisme
Fargeraudt

Kjelder

endre