Ein komparator er eit apparat til å samanlikne lengdemål, til dømes til justering av målestavar eller utmåling av visse lengder. På komparatoren er ei vogn som flyttast på skinner. På vogna vert dei to målestavane ført ved sida av kvarandre. Over vogna er to faste mikroskop med trådkross eller måleskala som blir innstilt på visse delestrekar på den eine målestaven. Deretter blir vogna flytta så den andre staven kjem inn i synsfeltet, slik at ein kan observere plasseringa av den andre staven sine tilsvarande delestrekar. Skilnaden kan målast særs nøyaktig ved å forskyve det eine mikroskopet ved hjelp av ein mikrometerskrue.

Eit katetometer er ein komparator for samanlikning av loddrette lengdemål.

Kjelder endre