59°58′25.306″N 10°39′37.699″E / 59.97369611°N 10.66047194°E / 59.97369611; 10.66047194

Kongsseteren i 1910.

Kongsseteren er ein stor tømmervilla på Voksenkollen i Oslo. Han er kongefamilien sin private eigedom og vart gjeven i gåve frå det norske folket til Kong Haakon og dronning Maud då kongeparet vart krona i 1906.

Gåva vart finansiert ved ei innsamlingsaksjon og stod ferdig i 1911. Bygningen er teikna av arkitekt Kristian Biong, som vann ein utlyst arkitektkonkurranse med sitt prosjekt «Slot over Slot».[1]

Eigedomen vert i hovudsak nytta om vinteren, og kongefamilien feirar gjerne jul her.[2]

Kjelder endre

  1. Oslo byleksikon, side 312
  2. Kongsseteren frå Kongehuset.no (Vitja 21. januar 2013)

Bakgrunnsstoff endre