Konotop (ukrainsk Конотоп ) er ein by nord i Ukraina i Sumy oblast. Konotop er senteret i Konotop rajon (distrikt) og ligg kring 129 km frå Sumy.

Konotop
Конотоп
by
Kyrkje i Konotop
våpen
Land  Ukraina
Høgd 142 moh.
Koordinatar 51°13′N 33°12′E / 51.217°N 33.200°E / 51.217; 33.200
Areal 43,78 km²
Folketal 92 687  (2014)
Folketettleik 2 117 / km²
Grunnlagd 1634
Kart
Konotop
51°14′15″N 33°12′30″E / 51.2375°N 33.208333333333°E / 51.2375; 33.208333333333
Wikimedia Commons: Konotop
Nettstad: http://www.konotop-rada.gov.ua/

Konotop flybase ligg ved byen. Konotop er ei dag eit viktig senter for maskinbygging, samt eit trafikknutepunkt. Byen har trikk og er den minste byen i landet med eige trikkesystem.

Historie endre

På byrjinga av 1600-talet var ukrainske kosakkar dei første som slo seg ned i området. Busetnaden vart først nemnd i 1634 i forskjellige dokument som Novoselitsa. I 1642 vart det bygd ei polsk festning på staden kalla opp etter elva Konotopka. Truleg forsvann elva og ei anna festning, Jezutsj, vart bygd. Festninga vart viktig i kampane mot storfyrstedømet Moskva. Somme historikarar meiner at Konotop var busett sjølv før den tatar-mongolske invasjonen. Ei segn seier at mange av hestane og soldatane til eit tatarisk kavaleri drukna i myrområde kring byen og at det er derfor området har namnet Konotop, der kon tyder hingst og topat tyder å drukne.

I 1659 fann slaget ved Konotop stad nær byen, der polakkar krimtatarar og ukrainske kosakkar leia av Ivan Vyhovsky slo ein russisk-ukrainsk styrke. I 1782 fekk Konotop bystatus.

Geografi endre

Klima endre

Vêrdata for Konotop
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −3 −1,9 4,2 13,5 20,8 23,7 25,7 24,7 18,8 11,3 3,6 −1 11,7
Døgnmiddeltemperatur °C −5,4 −4,9 0,5 8,8 15,1 18,4 20,3 19,1 13,7 7,1 1,2 −3,4 7,5
Gjennomsnittleg min °C −7,8 −7,9 −3,2 4 9,4 13,1 14,9 13,4 8,6 3 −1,3 −5,8 3,4
Kjelde: Клімат та погода Конотоп

Bakgrunnsstoff endre