Konseptkunst eller konseptualisme er ei kunstretning som hovudsakleg utvikla seg i Europa og USA frå siste halvdel av 1960-talet. Konseptkunst kan karakteriserast som ei idébasert kunstnarisk verksemd, i den forstand at idéen bak eit kunstverk blir rekna som viktigare enn den handverksmessige eller visuelle utføringa.

Art & Language, Mirror Piece, 1965.
Amy Jackson, Cleaning Squares, 2020.

Den konseptuelle kunsten har røtene sine i fyrste halvdelen av 1900-talet, i dadaismen og då særleg arbeida til Marcel Duchamp. Duchamp er kjend for å nytta «funne gjenstandar», og haldningane hans til kunst som framfor alt ei meningsproduserende verksemd har hatt stor tyding for konseptkunstnarane.

Konseptkunsten var i utgangspunktet ei radikal rørsle som kritiserte både det formalistiske og mediumspesifikke fundamentet for den modernistiske kunsten, og politiske og sosiale forhold, som feministiske spørsmål eller den amerikanske krigføringa i Vietnam.

Den konseptuelle kunsten stiller gjerne spørsmål kring sjølve vesenet til kunsten og dei innhaldsmessige, politiske og institusjonelle premissane hans. Konseptualismen har òg blitt kalla «den språklege vendinga i kunsten», i det han ofte gjer direkte bruk av tekst og tekstbaserte uttrykksformer. Språkfilosofien og filosofar frå det førre hundreåret, som Ludwig Wittgenstein, har vore viktige som utgangspunkt for mange konseptkunstnarar.

Konseptualismen har vore ein viktig referanse for mange kunstnarar òg i dei siste tiåra, og i ein viss forstand kan ein seia at det meste av det som blir omtalt som samtidskunst i dag har eit konseptuelt utgangspunkt. Kunstnarar som meir spesifikt refererer til konseptkunsten frå 1960- og 1970-talet blir gjerne kalla post- eller nykonseptualistar.

Sentrale konseptkunstnarar endre

Sjå òg endre