«Konservativt» omdirigerer hit. For det politiske partiet, sjå Partiet Konservativt.

Å vere konservativ er å ville ta vare på noko slik det er. Ordet kjem frå latin, conservare, å ta vare på. Som generelt ord er ordet konservativ såleis veldig vidt, og folk kan vere konservative på eitt område, men gå inn for endring på eit anna.

Som politisk nemning er det å vere konservativ i ein vestleg kontekst det same som å vere på høgresida. Den politiske konservatismen oppstod som ein reaksjon mot den franske revolusjonen frå 1789 og frametter, med britiske Edmund Burke som framståande tenkjar.