Nærkraft

kraft som verkar på kontaktpunktet mellom to objekt
(Omdirigert frå Kontaktkraft)

Ei nærkraft eller kontaktkraft er ei kraft som verkar i kontaktpunktet eller kontaktflata mellom to lekamar[1], til dømes friksjonskraft og trykk-kreft.

Kontaktkreftene vert skildra av Newtons rørslelover på lik linje med alle krefter i dynamikken.

Ein finn kontaktkreftene over alt og står for dei fleste vekselverknadene ein ser mellom lekamar i dagleglivet. Å køyre ein bil opp ein bakke, sparke ein ball eller skubbe ein pult over golvet er alle kvardagslege døme der kontaktkrefter spelar inn.

Kjelder endre

  1. Knight, Randall (2008), Physics for Scientists and Engineers: A Strategic Approach (2 ed.), California: Pearson Addison-Wesley, ISBN 0-321-51671-0 s. 127