Koparstikk er både nemninga på ein metode for å lage bilete for hand på ei trykkplate av kopar, og nemninga for det biletet som deretter vert laga på papir ved hjelp av denne trykkplata. Koparstikk er såleis ein av fleire grafiske framgangsmåtar for å trykke bilete i mange eksemplar. Det er mellom dei eldste grafiske teknikkane, og har sitt opphav i gullsmed- og våpenkunsten i mellomalderen. Dei eldste koparstikka som kan tidfestast, er frå 1446 og laga i det som no er Tyskland.

Gravestikke og koparplate

Koparstikket er ein djuptrykksteknikk, det vil seie at det er trykksverta som ligg i liner gravert ned i koparplata som festar seg til papiret under trykkinga. Ved hjelp av ei gravstikke, eit jarn med v-forma eller rektangulært tverrsnitt i spissen, vert linene graverte ned i koparplata. Typisk for linene i eit koparstikk, er at dei endar i ein spiss. Djupna og breidda på linene kan endrast ved å variere trykket på gravestikka og vinkelen på ho i høve til plata, og såleis få fram fine og grove strekar på det ferdige trykket. Ved å leggje linene meir eller mindre tett og skravere i kryss, kan ein òg oppnå ulike valørar i motivet. Plata ligg gjerne på ei slags pute for å kunne vriast på når linene skal danne bogar og vinklar.

Langsetter både sidene av den graverte lina lagar det seg ein kant, ein «grat», som skal verte polert vekk før plata vert sett inn med trykksverte. Strekane i det ferdige trykket vert då skarpe og distinkte, i motsetnad til trykk framstilt med den såkalla tørrnålsteknikken, der graten langs linene ikkje vert fjerna. Graten verkar då inn på papiret under trykkinga og gjev streken ein mjukare og meir «lodden» karakter, som mange kunstnarar set pris på.

Trykksverta skal verte klint godt ned i strekane i plata. Deretter skal plata «slåast av», det vil seie at sverta vert tørka vekk frå overflata av plata, slik at det berre er sverte att nede i dei graverte strekane. Når sverta legg seg på papiret under trykkinga, får ein såleis eit spegelvendt bilete av det som vart rissa inn i plata. For kvart einaste trykk må plata smørast inn med ny sverte og deretter «slåast av».

Bakgrunnsstoff endre