Kopula
Kopula er namnet på ein bestemt type hjelpeverb, nemleg det verbet som knyt subjektet og predikativet i ei setning saman. I norsk er dette verbet å vere. Det finst språk som har kopulalause konsstruksjonar, t.d. russisk, der "eg er student" er ’я студент’, overført ’ja student’, dvs. utan verb (i presens). Namnet kjem av latin copula, 'lenkje, band'.