For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kork (fleirtyding).

Kork (frå latin cortex, 'bork') er eit materiale som blir vunne ut frå korklaget i borken til korkeik. Kork kan nyttast til å korka flasker og glas, til fottøy, flytemateriale eller som materiale i tavler, hus og anna. Ordet «kork» kan også visa til stengsel for opningar av andre material, og i overført tyding til noko som er stoppa opp, som ein trafikkork.

Korklag på ei korkeik.

Korkeik (Quercus suber) veks særleg i dei vestlege middelhavslanda, som Portugal. Korken blir her særleg tjukk og kan skjerast av med 8–10 års mellomrom. Korkkambiet dannar stadig ny kork fram til trea blir rundt 150 år gamle.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.