58°53′36″N 11°0′52″E / 58.89333°N 11.01444°E / 58.89333; 11.01444

Nordkoster ved Kostersundet.

Koster er ei svensk øygruppe like utanfor Strömstad. Koster består av to øyar: Nordkoster og Sydkoster. Øyane har om lag 300 fastbuande, kring 240 på Sydkoster og kring 60 på Nordkoster. Øyane er populære feriestader, og mengda innbyggjarar aukar til det tidoble om sommaren. Ein stor del av turistane kjem frå Noreg.

Sydkoster har eit areal på 8 km², medan Nordkoster er 4 km². Ein kjem til øyane via turbåt frå Strömstad.

Koster er dei vestlegaste øyane med fast folkesetnad i Sverige.

Øyane har òg gjort seg kjende for ein spesiell båttype, kosterbåten, som er ein spissgatter.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre