Kot Diji (کوٹ ڈیجی) er ein stad i Sind i Pakistan som omfattar ein førhistorisk arkeologisk funnstad som delvis er ein forløpar for Induskulturen, og ein festning frå Talpur-dynastiet på 1700-talet.

Kot Diji (کوٹ ڈیجی)
Fortfromtown.jpg
Kot Diji festning sett frå den nyare byen.
Land Flag of Pakistan.svg Pakistan
Region Sind
Distrikt Khairpur District

Kot Diji
27°21′0″ N 68°43′0″ E

Kot Diji ligg rundt 24 kilometer sør for Khairpur og aust for Induselva, på motsett side frå induskulturbyen Mohenjo-daro. Den første busetjinga på staden stammar frå rundt 3300 f.Kr., og blei bygd på flatlandet rundt Rohri-høgdene.

Festningen blei bygd rundt 1790 på toppen av Rohri-høgdene under Mir Sohrab, som herska frå 1783 til 1830. Festningen er i god stand. Han var ein av mange festningar bygd for å verna grensene til Mir Sohrab. Festningen er aldri blitt angripen.[1]

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra