Krabbekniv
Krabbekniv er ein kniv som har vorte brukt til hindre at krabbar har kunna bite kvarandre sund. Det har vore vanleg å ha levande krabbar gåande i kasser eller kiper til ein har skulla bruke dei. Med krabbekniven, som har eit kort blad på under to cm, kuttar ein sena i det andre leddet på storkloa på krabben. Då kan fleire krabbar vere i same kasse utan å skade kvarandre.
Kjelder
endre- Øyvind Haram: Maritime knivar og eggjeverktøy. KYSTEN nr 1 2010