Krasnoarmejsk i Saratov oblast

Krasnoarmejsk (russisk Красноарме́йск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 75 km sør for Saratov.

Krasnoarmejsk
Красноармейск
Horisonten til Krasnoarmejsk
Horisonten til Krasnoarmejsk
Byåpenet til Krasnoarmejsk
Byvåpenet til Krasnoarmejsk


Plassering
Krasnoarmejsk i Saratov oblast is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1766
1918
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

25 100
Koordinatar 51°01′00″N 45°42′00″E / 51.01667°N 45.70000°E / 51.01667; 45.70000
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 84550

Historie

endre

Byen vart grunnlagd i 1764–1766 av tyske nybyggjarar som kolonien Baltser (russisk: Бальцер). Det andre namnet på kolonien var Golyj Karamysj (russisk: Голый Карамыш), etter elva han låg ved. I 1914 vart busetnaden offisielt omdøypt til Golyj Karamysj. Han fekk bystatus i 1918 og namnet vart i 1927 endra tilbake til Baltser. I 1942 fekk byen det noverande namnet, Krasnoarmejsk, under utreinskinga av tyske stadnamn i Sovjetunionen.

Kjelder

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.