Kravlenissene er ein dansk juletradisjon.[1] Han er ei avbilding av ein julenisse på papp som ein kan henga opp på veggar eller møblar som julepynt.[2]

Allereie i byrjinga av 1900-talet hadde nokre teiknarar laga nisse-utklippsark, og i 1920-åra teikna Alfred Schmidt nissar til glede for borna på Krebs' skule, der sonen hans var styrar.

Men det var den danske julenisseteiknaren Frederik Bramming som i 1947 fann på å kalla utklippsark med små pappnissar for «kravlenisser».[3] Han teikna dei to første arka med kravlenissar som kom ut i 80 000 eksemplar. Det blei ein stor suksess, og allereie året etter fanst det mange ulike utgåver av kravlenissane.

Kjelder endre

  1. Kravlenisser på Tegneseriemuseet, arkivert frå originalen 24. november 2010, henta 26. november 2020 
  2. «kravlenisse — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 26. november 2020 
  3. «kravlenisse | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 26. november 2020